Skal greie ut korleis kommunane kan organiserast i framtida - Herøy kommune

Skal greie ut korleis kommunane kan organiserast i framtida

Herøy, Sande og Ulstein kommune har starta arbeidet med å sjå på korleis kommunane kan vere organiserte i framtida. Kommunane har no bede eksterne fagmiljø om å kome med tilbod på ei utgreiing av framtidig kommunestruktur.

Styringsgruppa for 3K-samarbeidet, med dei tre ordførerane i midten. - Klikk for stort bileteStyringsgruppa for 3K-samarbeidet, med dei tre ordførerane i midten. Pressefoto

Bakgrunnen er at ein ønskjer eit godt og kunnskapsbasert grunnlag før politikarane tek stilling til vegen vidare.

Kvifor ei slik utgreiing?

Samfunnet er i endring. Folketalet utviklar seg annleis enn før, økonomien blir meir pressa, og krava til kommunale tenester aukar. Difor ønskjer kommunane å få ei samla vurdering av kva som kan vere ei tenleg organisering i framtida.


Utgreiinga skal sjå på både dagens situasjon og utviklinga på lengre sikt. Ho skal mellom anna ta for seg:
• korleis folketalet utviklar seg
• økonomi og bereevne
• samfunnsutvikling og næringsliv
• korleis kommunane kan løyse sine viktigaste oppgåver på ein god måte

Ikkje eit vedtak om samanslåing

Det er viktig å understreke at dette ikkje er eit vedtak om kommunesamanslåing. Utgreiinga skal gi oversikt, kunnskap og moglege alternativ, men ho inneber ingen avgjersle i seg sjølv.
Arbeidet skal liggje på eit overordna nivå og gi politikarane eit godt grunnlag for vidare vurderingar og diskusjonar i kvar kommune.

Tidsplan og kostnadsramme

Utgreiinga har ei øvre kostnadsramme på 1,3 millionar kroner. Av dette er:
• 1,0 million kroner sett av til hovudutgreiinga
• 0,3 million kroner knytt til mogleg tilleggsarbeid, dersom det blir behov for det
Hovudutgreiinga skal vere ferdig seinast 21. september 2026.
 

Kostnadane til utgreiinga er dekte av staten.

Tilbodsfrist

Fristen for å levere tilbod på oppdraget er 7. mai 2026.
Vidare informasjon om oppdraget og kva som skal utgreiast, ligg i konkurransegrunnlaget.

 

Kontaktpersonar: 

Ordførarane

Om 3K-samarbeidet:

3K-samarbeidet er eit initiativ mellom Herøy, Sande og Ulstein der ein greier ut ei mogleg kommunesamanslåing.

fv Dag Vaagen, Ann-Kathrin Tine Storøy, Stian Skorgen Scheide - Klikk for stort biletefv Dag Vaagen, Ann-Kathrin Tine Storøy, Stian Skorgen Scheide Privat