Leiar for saniteten Olaug Andreassen får vaksine av helsesjukepleiar Katrin Kvalsund Leine.
Monica Svoren
– Helsestasjonen i Herøy har hatt ansvar for og gjennomført tre dagar med vaksinering av innbyggarar, denne gongen på kulturhuset. Det vart sett heile 2002 dosar med vaksinar. Den store og gode innsatsen frå dyktige tilsette på helsestasjonen og alle dei andre som har bidratt i planlegging og gjennomføring gjer at dette vart ein god og smidig prosess, seier Monica Svoren, avdelingsleiar for barn, familie og helse.
Monica Svoren
– Det store engasjementet frå saniteten og med leiar Olaug Andreassen i spissen er også ein av suksessfaktorane for at alt har fungert veldig fint. Dei har følgt godt opp dei som kom for å vaksinere seg. Og saniteten har hjelpt til både med vakthald og servering av kaffi og kake, som var gratis, med høve til å gi eit bidrag, seier Janita W. Remøy, leiar for helsestasjonen.
Det vart sett vaksinar mot influensasjukdom og koronasjukdom tre dagar på Herøy kulturhus: 22. oktober, 24. oktober og 1. november.
Innbyggarar som ikkje kunne møte, blir oppmoda om å kontakte fastlegen sin og avtale ein time til å få sett vaksine. Det gjeld også vaksine mot lungebetennelse (pneumokokkar).
– Vi er svært takksame for den gode innsatsen frå dei tilsette, den gode hjelpa frå saniteten, og alle andre som hjelpte med vaksinearbeidet, seier Monica Svoren, avdelingsleiar for barn, familie og helse.