Seksjon for barnevern får arbeidsmiljøprisen

– Medarbeidarane føler seg verdsette. Det er viktig i ein krevjande arbeidskvardag, står det i grunngivinga for prisen.

gruppebilde av seksjonen, avdelingsleiar Monica Svoren og kommunedirektør Trond Arne Aglen - Klikk for stort bileteSeksjon for barnevern flankert av Monica Svoren, avdelingsleiar for barn, familie og helse, og Trond Arne Aglen, kommunedirektør. I midten, med bilde og blomar: seksjonsleiar Christine Riise Øvrelid. Svein Arne Orvik
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Tysdag var det personalmøte i seksjonen. Der stilte Trond Arne Aglen, kommunedirektør, og Monica Svoren, avdelingsleiar for barn, familie og helse, for å dele ut prisen.

– Trygge og motiverte

Fleire hadde nominert nettopp seksjon for barnevern til arbeidsmiljøprisen for 2022 i Herøy kommune.

Og dette er grunnane til at seksjonen får prisen:

  • Dei har jobba målretta med trivsel, førebygging av sjukefråvær og arbeidsmiljø.
  • 10-faktormodellen er tema på kvart personalmøte.
  • Dei har laga eit årshjul som heiter «best på fest». Årshjulet inkluderer blant anna sosiale aktivitetar som å markere bursdagar, avslutningar, påskefrukost, julebord, sommarfest og felles gåturar.
  • Dei har fokus på å skape gode relasjonar til samarbeidspartnarane sine, både ved godt samarbeid og inkludering i sosiale aktivitetar.
  • Dei har ein god og strukturert kompetanseplan for dei tilsette. Gjennom systematisk arbeid i organisering og fordeling av arbeidsoppgåver, har dei fått meir tid til målretta fagutvikling over tid.
  • Leiaren har ein god dialog med dei tilsette gjennom personalmøte, medarbeidarsamtalar og andre «kva skjer»-samtalar.
  • Tiltaka har ført til redusert sjukefråvær og redusert turnover. Medarbeidarane er trygge og motiverte og føler seg verdsette. Det er viktig i ein krevjande arbeidskvardag.

Det er arbeidsmiljøutvalet i kommunen som avgjer kven som får prisen. Alle tilsette kan nominere kandidatar. Medlemmene i arbeidsmiljøutvalet kan også nominere.

kommunedirektør Trond Arne Aglen, avdelingsleiar Monica Svoren, seksjonsleiar Christine Riise Øvrelid - Klikk for stort bileteFrå høgre: Christine Riise Øvrelid, leiar i seksjon for barnevern; Monica Svoren, avdelingsleiar for barn, familie og helse; Trond Arne Aglen, kommunedirektør. Svein Arne Orvik

Årleg pris med fleire kriterium 

Arbeidsmiljøprisen blir gitt kvart år for tiltak som

  • er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
  • kan bidra til auka motivasjon, entusiasme og humør
  • medverkar til samarbeid over etablerte grenser
  • verkar førebyggjande på helseskadar
  • har stor overføringsverdi