Samla ungdom frå heile fylket: – Utruleg kjekt

I fire dagar har over to hundre ungdomar boltra seg i Herøy kulturhus. Sjå bilde!

ungdom i aksjon på fylkes-UKM - Klikk for stort bileteSceneshow i Herøy kulturhus. Martin Giskegjerde / UKM

– Det har vore utruleg kjekt å ha fylkesfestivalen til UKM i kulturhuset vårt. Kjekke og flinke ungdomar deltok med alt frå dans og sang til standup, seier Sivert Sporstøl Leine, leiar i Herøy ungdomsråd. 

– Veldig inkluderande

Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerte festivalen saman med Herøy kommune og Sande kommune. Det er første gongen to kommunar har gått saman om å vere vertskommunar for det årvisse arrangementet.

UKM står for ung kultur møtest. På festivalen møttest ungdom frå kvar av kommunane i fylket.

– Alt gjekk som planlagt. Festivalen fungerte glimrande i alle ledd, takk vere samarbeidet mellom fylkeskommunen, Herøy og Sande. Dette blei veldig inkluderande og veldig kjekt, seier seksjonsleiar Mona Ryssevik i kulturavdelinga i Herøy.

Takkar alle involverte

Ryssevik rettar ein varm takk til alle i lokalsamfunnet som har stilt opp som instruktørar og vakter. 

Ungdommane hadde teltcamp i Herøyhallen og utfalda seg med sceneshow i kulturhuset, kunstutstilling, verkstader og sosiale aktivitetar.

I bildeserien nedanfor ser du litt av det som gjekk føre seg.