Signe Skarstein (Herøy Sanitetsforeining), ordførar Ann- Kathrin A. Storøy og Olaug Andreassen (Herøy Sanitetsforeining) er alle nøgde med at avtale er underteikna.
Kva samarbeidet gjeld:
Herøy sanitetsforeining har vore aktiv med i ulikt arbeid i kommunen. Arbeidet er no formalisert i ein avtale der Herøy Sanitetsforening kan bidra med inntil 25 frivillige ved behov. Desse frivillige kan vere på plass innan ein time frå utkallingstidspunktet.
Oppgåver og ansvar:
Omsorgsberedskapsgruppa i Herøy sanitetsforeining kan etter avtale hjelpe med:
- Forpleiing til kriseramma, evakuerte eller hjelpemannskap.
- Drifte evakuerings- og pårørandesenter, inkludert registrering, forpleiing og servering, drift av pårørandetelefon.
- Praktiske oppgåver ved vaksinasjon og pandemi, som registrering og observasjon.
- Kunnskapsdeling kring førstehjelp for eldre og eigenberedskap.
- Samarbeid med Herøy brannvesen om tryggleikstreff for eldre.
- Anna etter avtale.
– Det er viktig at avtalen no er signert. Avtalen med kommunen gjer at saniteten kan gjere meir i lokalsamfunnet i samarbeid med kommunen. I tillegg vil vi kunne søkje om nasjonale midlar. Noko vi no vil gjere for å kurse dei som er med i omsorgsberedskapsgruppa, seier ein nøgd leiar Olaug Andreassen.
– Det er veldig fokus på beredskap, også nasjonalt. Herøy Sanitetsforeining har alltid vore viktig for oss. Denne avtalen markerer eit viktig steg i å styrke beredskapen i Herøy kommune, og vi ser fram til eit godt samarbeid med Herøy Sanitetsforening, seier kommunedirektør og kriseleiar Trond Arne Rossi Aglen.
– Omsorgberedskap er eit godt ord for arbeidet som har vore gjort/skal verte gjort. Avtalen er anerkjenning av den innsatsen sanitetsforeininga gjer og eg er glad for at avtalen no er på plass, seier ein nøgd ordførar Tine Storøy.