Svein Arne Orvik
– Eg gleder meg til å kome heim, og det er veldig kjekt å gå til ei så spennande stilling som dette, seier Skar.
Ho er utdanna i psykologi, vernepleie, spesialpedagogikk, karriererettleiing og sosialpedagogisk rådgiving. Skar har jobba 11 år i vidaregåande skule i Oslo og Ski. I tillegg har ho jobba deltid i barnevernet og i bustadar.
– Eg er veldig glad for å ha fått bli kjent med så mange fine ungdomar, seier ho.
Gi meining og meistring
Småjobbsentralen er ein del av det nye dagaktivitetstilbodet Svingen, som vi er i ferd med å etablere på Eggesbønes.
Svingen blir eit tilbod for menneske i alle aldrar. Småjobbsentralen skal
- fange opp elevar, ungdom og unge vaksne som fell utanfor skule og arbeidsliv
- gi målgruppa sjansen til å gjere noko aktivt i lag med andre – noko som gir meining og meistring
– Det har vore givande og lærerikt å arbeide på skular som er gode på å legge til rette og møte elevane der dei er. Eg er opptatt av at vi må jobbe i lag for å vareta den enkelte og gi den hjelpa som trengst for å fremje meistring og læring, seier Skar.
Ho vaks opp i Flusund og vende attende til røtene i sommar. I lag med sambuaren og dei to barna kjem ho flyttande frå Indre Østfold kommune, der sambuaren er ifrå.
Pengar frå fylkeskommunen
– Vi er veldig glade for at Caroline Skar, med den utdanninga og erfaringa ho har med seg i kofferten, no flyttar heim til Herøy, seier Gro-Anette Frøystad Voldsund, kommunalsjef for helse og omsorg.
Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt oss økonomisk støtte til å opprette småjobbsentralen.
Vi skal samarbeide tett med forskingsmiljø for å vise gevinstane av tiltaket.