Populær pårørandeskule om demens

Demenskor, tenestetilbod og velferdsteknologi. Det var noko av innhaldet då pårørandeskulen var samla sist.

tre personar smiler til kamera - Klikk for stort bileteInnleiarane på pårørandeskulen 18. oktober (frå venstre): Kathrine T. Eikenæs, Kamilla Grimstad Hagen, Gro-Anette Frøystad Voldsund Sonja Sande

Pårørandeskulen er eit tilbod vi gir til dei som står nær nokon som har demens. 

Skulen består av fem samlingar fordelte utover hausten. Tidlegare i haust har deltakarane fått lære om ulike typar demenssjukdomar og om det å kommunisere med nokon som har demens. 

På den førre samlinga orienterte kommunalsjef Gro-Anette Frøystad Voldsund om tenestetilbodet vårt for personar med demens. Ergoterapeut Kathrine T. Eikenæs fortalde om tilrettelegging, hjelpemiddel og velferdsteknologi.

Har starta demenskor

Kamilla Grimstad Hagen, demenskoordinator i Hareid kommune, hadde to innlegg. Ho informerte om Memento, demenskoret i Hareid og Ulstein. Og ho presenterte aktiviteten i Ytre Søre Sunnmøre Demensforeining. 

Også Herøy har no eit demenskor: Frivillige har starta demenskoret KorKjekt, som øver annankvar torsdag på sanitetshuset. Deltakarane på pårørandeskulen har fått informasjon om KorKjekt.

Det står att to samlingar i pårørandeskulen. Deltakarane vil få sjå filmen «Jakten på gode øyeblikk», høyre tankar om sorg og tap – og lære om verje og framtidsfullmakt. 

Pårørandeskule annakvart år

Undersøkingar har vist at pårørande til personar med demens har behov for kunnskap, hjelp og støtte.

Ønsker du å vere med på den neste runden med pårørandeskule? Følg med, for i 2025 arrangerer vi skulen på nytt.