Politiet: Tekst om vald er ikkje reell trussel
Moltu skule har søndag kveld sendt ut informasjon til dei føresette om ei sak politiet har vurdert.
Arkivbilde av Moltu skule.
Moltu skule
Denne meldinga er sendt ut til dei føresette ved skulen:
«Moltu skule har i dag blitt gjort merksam på at det i ei hyttebok i nærområdet er funne ein tekst som handlar om vald mot skulen. Politiet vurderer det slik at det ikkje dreier seg om ein reell trussel mot skulen, og skulen vil derfor halde ope som vanleg frå måndag. Politiet og skulen vil saman følge opp skulemiljøet i dagane som kjem.»
Publisert 19.01.2025 20:41
Sist endra 21.01.2025 09:39