Paulina Adel er årets reinhaldar i fylket

Medarbeidaren vår fekk utmerkinga på Herøy kulturhus, der reinhaldarar og andre tilsette var samla måndag.

ei kvinne med blomster og diplom - Klikk for stort bilete Ada Fjørtoft Kleppe

Det er Fagforbundet som kårar årets reinhaldar i Møre og Romsdal kvart år.

Paulina Adel frå seksjon reinhald i eigedomsavdelinga vår fekk overrekt diplom og blomar frå Arild Sande. Han er leiar i yrkesseksjon samferdsel og teknisk i Fagforbundet i fylket. 

Vi gratulerer Adel så mykje!

Bli med i reinhaldsteamet vårt, vi søker no ein vikar.