På jobb for Herøy: Lisa Dorthe Sævik Valø

– Eg blir glad når eg ser at folk har trua, seier samfunnsplanleggar Lisa Dorthe Sævik Valø.

portrett av Lisa Dorthe Sævik Valø - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

I serien «På jobb for Herøy» møter du fire som har begynt hos oss dei siste åra. Dei representerer kvar sin sektor i kommunen.

 

– Eg har fått vore med på mykje interessant sidan eg begynte i jobben i fjor. For å nemne noko: Eg har jobba med byutviklinga i Fosnavåg. Eg har hjelpt lag og organisasjonar med å skaffe pengar til idrettsanlegg frå fylkeskommunen. Og eg har skrive planstrategien, eit dokument som seier kva planar kommunen skal lage framover.

Jobben som samfunnsplanleggar er variert og spennande. Eg ser det slik at eg jobbar for alle, både for innbyggarane i heile kommunen og for kommunen som organisasjon. Og når det gjeld tema som klima og berekraft, så jobbar eg i grunnen for framtida.

Eg er utdanna i samfunnsplanlegging og leiing. Denne stillinga er derfor midt i blinken. Faget omfattar svært mange tema, og innanfor berekraft er likestilling noko av det som engasjerer meg mest.

I arbeidet med planstrategien såg vi på nettopp likestillinga. Vi treng fleire damer i fleire funksjonar i lokalsamfunnet. Og det er nødvendig at arbeidsgivarane legg til rette for at folk kan kombinere jobb og familieliv.

Noko av det finaste eg har opplevd det første året i jobben, er folkemøtet om utviklingsplanen for Fosnavåg. Oppmøtet var veldig bra, folk var positive og engasjerte. Eg blir glad når eg ser at folk har trua.

Dette er ikkje første gongen eg jobbar i kommunen. Tidlegare hadde eg eit engasjement som koronakoordinator og prosjektleiar for temakafeane som samlar heimebuande eldre. Det var veldig givande.

Det å få fast jobb med eit viktig ansvar, er motiverande. Eg har lyst til å gjere ein forskjell og bidra til at unge vil bu i Herøy. Eg vil vere med på å skape moglegheiter for nye generasjonar.

 

Lisa Dorthe Sævik Valø er tilsett i sektoren for samfunnsutvikling.