På jobb for Herøy: Joakim Bakke Muren

– Eg vil vere eit forbilde og rettleie elevane til å bli sjølvstendige vaksne, seier lærar Joakim Bakke Muren.

portrett av Joakim Bakke Muren - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

I serien «På jobb for Herøy» møter du fire som har begynt hos oss dei siste åra. Dei representerer kvar sin sektor i kommunen.

 

– Elevane er her ikkje berre for å lære å lese og skrive. Dei er her like mykje for å vekse opp og modnast. Eg opplever at eg hjelper dei med å bli vaksne, fungerande menneske i samfunnet. Det er kjekt å få vere ein rollemodell.

Som ungdom visste eg ikkje heilt kva eg ville bli. Eg er veldig glad i å jobbe med barn. Derfor valde eg etter kvart å utdanne meg til lærar. Og det har eg ikkje angra på. Eg har fine, varierte og aktive arbeidsdagar.

Som lærar blir du heile tida utfordra. Du rekk aldri å kjede deg. Det er eit kjekt yrke, men det er utfordrande òg, både fagleg og sosialt. Eg underviser på barnetrinnet. Elevane er små og kan ha vanskeleg for å ta styring på følelsane sine. Då er det viktig å vere der og rettleie dei. Det er veldig meiningsfullt.

Fagleg meiner eg at lesing og skriving er det absolutt viktigaste. Om du ikkje kan lese og skrive, sit du litt fast i alle fag. Du må lese i naturfag. Det er leseoppgåver i matematikk. Så vi satsar mykje på lesinga, både her på Leikanger og på dei andre skulane. Vi jobbar i fellesskap. Herøy-skulen, ja heile oppvekstsektoren, er eit stort lag.

Det gjeld å finne gode måtar å jobbe med lesinga på. I vår gjennomførte vi leseprosjektet Øyhopping. Då flytta elevane seg mellom postar der dei løyste oppgåver som handla om ei bok. Prosjektet bidrog til å engasjere og motivere elevane. Slik fekk vi ein annleis og mykje meir praktisk skulekvardag.

Eg har vore lærar i tre år, og eg eg føler eg har utvikla meg mykje. Eg kjem opp i nye situasjonar kvar dag. Det er klart at det kan vere ganske tøft iblant. Du må vite kva du går til. Men om du likar å jobbe med menneske, så er dette yrket midt i blinken.

 

Joakim Bakke Muren er tilsett i sektoren for verksemdstyring.