På jobb for Herøy: Ida Kvalsund Bruksås

– Eg brenn for å kunne gi nokon ein betre kvardag, seier miljøterapeut Ida Kvalsund Bruksås.

portrett av Ida Kvalsund Bruksås - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

 

I serien «På jobb for Herøy» møter du fire som har begynt hos oss dei siste åra. Dei representerer kvar sin sektor i kommunen.

 

– Det som betyr mest for meg, er å vere der for nokon. Når eg bidrar til å snu ein tung dag til ein betre dag, då kjenner eg at eg har gjort noko bra.

Eg har nyleg begynt som miljøterapeut i bu- og habiliteringsavdelinga. Åtti prosent av tida jobbar eg med brukarane, og så har eg ein tjue prosents del som fagkoordinator. Eg var her i praksis på vidaregåande, og starta som vikar her etterpå. Eg likte meg så godt at eg valde å studere vernepleie.

Kvardagane er veldig varierte og lærerike. Til saman har eg vore her i fire og eit halvt år, og framleis lærer eg noko nytt kvar dag. Det motiverer meg. Eg har alltid gledd meg til å gå på jobb. Vi har eit veldig godt fellesskap med kollegaene og brukarane.

Å vere vernepleiar dreier seg om å sjå etter moglegheitene den enkelte har. Vi jobbar med å møte utfordringane til brukarane slik at dei skal oppleve meistring og fungere best mogleg i eigen kvardag.

Dei vi jobbar for treng bistand og støtte i kvardagen, i ulik grad. Ein typisk dag på jobb består av å legge til rette og gjennomføre daglege gjeremål – og kjekke aktivitetar, når det er rom for det.

Vi drar gjerne på turar, leser bøker eller ser på tv saman med brukarane. Vi samlast til bursdagsfeiringar, samlingskveldar og utflukter, for eksempel til Atlanterhavsparken. Vi er flinke til å finne på ting, synest eg.

Det å studere vernepleie har gitt meg meir fagleg innsikt. Gjennom studiet heldt eg kontakten med miljøet som vikar. Det kan eg verkeleg anbefale. Då får du brukt teorien i praksis.

Til dei som vurderer å utdanne seg i helse- og sosialfag og søke jobb her, vil eg seie: Det er verdt det. Du vil få lære mykje.

 

Ida Kvalsund Bruksås er tilsett i sektoren for helse og omsorg.