Svein Arne Orvik
I serien «På jobb for Herøy» møter du fire som har begynt hos oss dei siste åra. Dei representerer kvar sin sektor i kommunen.
– Eg starta i Herøy i vår og har blitt tatt veldig godt imot. Arbeidskvardagen er svært variert. Det likar eg. Eg er med på å hjelpe organisasjonen med å løyse utfordringar på både kort sikt og lang sikt.
I HR/HMS-avdelinga jobbar vi mykje med å støtte leiarane. I mange enkeltsaker jobbar vi tett med tilsette òg. Det kan for eksempel dreie seg om å følge opp sjukmelde.
Eg gir leiarane råd og innspel, både om juridiske spørsmål og om det mellommenneskelege. Ofte handlar det om å finne ut korleis ein situasjon bør handterast. Då er eg glad for å ha leiarerfaring sjølv – frå helse- og omsorgssektoren.
Som ein del av sektoren for verksemdstyring ønsker eg å vere ein hjelpar for heile organisasjonen. Eg vil bidra til at andre skal få gjort jobben sin.
Eg er glad for å kunne gjere ein forskjell. Det får eg høve til i nettopp denne funksjonen. Eg er med og rettleier leiarar med å rettleie sine tilsette. For at folk skal få tenestene dei skal ha, er kommunen som arbeidsgivar heilt avhengig av dei tilsette.
Også for erfarne leiarar kan det vere nyttig å snakke med nokon. Litt sparring kjem godt med. Det gjer det lettare å kvalitetssikre avgjerder og finne dei gode løysingane.
Det er utruleg viktig å skape gode arbeidsmiljø. Jobben er ein veldig stor del av liva våre. Desto viktigare er det at folk trivst og kjenner at dei er på rett plass.
Det å jobbe i ein kommune er ein fin måte å bidra til samfunnet på. Og så er vi ei bedrift som driv med utruleg mykje. Arbeidet vårt er både allsidig og mangfaldig.
Eg opplever at vi i organisasjonen stiller opp for kvarandre. Folk er glade for initiativ, glade for å få hjelp og har lyst til å gjere sitt.
Christina Aasen-Helvig er tilsett i sektoren for verksemdstyring.