I tråd med kommunestyret sitt vedtak 26.09.2024, K-sak 105/24, vart det lagt fram sak om oppstart av områderegulering av Fosnavåg sentrum for utval for samfunnsutvikling. Formålet med områdeplanen er å regulere dei løysingane som er ligg i Utviklingsplan for Fosnavåg sentrum. Utviklingsplanen er ikkje eit juridisk bindande dokument, men fungerer som ei politisk bestilling gjennom vedtaket som Kommunestyret gjorde.
Fosnavåg sentrum
Harald M.Valderhaug
Utval for samfunnsutvikling gjorde vedtak 23.10.2024 om å starte opp planarbeidet og legge planprogram ut til offentleg ettersyn.
Vedtak:
Med heimel i plan- og bygningslova §§ 4-1, 12-8 og 12-9 vert forslag til planprogram for områdereguleringsplan for Fosnavåg sentrum sendt ut på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Samstundes vert det varsla oppstart av planarbeidet. Kommunedirektøren får mynde til å lyse ut konkurranse for å lage områdereguleringsplanen for Fosnavåg og dette skal dekkjast over utviklingsavdelinga sitt budsjett.
Kommunestyret har vedteke at dei ynskjer at Fosnavåg skal vere det naturlege senteret som vert nytta aktivt av både innbyggjarar, arbeidande og besøkjande. Dei ynskjer å legge til rette for auke tal på innbyggjarar i Fosnavåg sentrum og i kommunen samla sett. Dei ynskjer også å auke antal besøkjande gjennom heile året. For å løyse dette må vi skape eit attraktivt sentrum for alle med gode møteplassar og gje folk ein grunn til å kome til Fosnavåg for både handel og oppleving.
Dette planprogrammet blir sendt på høyring for å sikre brei medverknad i prosessen for lage områdeplan for Fosnavåg sentrum. I etterkant av byutviklingsarbeidet gjort i 2024 der AS Citivas og KIMA arkitektur AS utarbeida ein utviklingsplan for sentrum er det behov for å regulere dei ulike forslaga i en juridisk bindande områdeplan.
Du kan no kome med innspel til planarbeidet og til planprogrammet som ligg ute til offentleg ettersyn. Dokumentet finn du lenke til nedst på denne sida.
Områderegulering Fosnavåg sentrum
Frist for innspel er 13.12.2024
Planprogram omraderegulering Fosnavag sentrum 18.10.2024 (PDF, 3 MB)
Lenke til sak om Områderegulering for Fosnavåg sentrum
Lenke til nettsida med informasjon om Byutviklingsarbeidet