Opnar hovuddøra til avdeling for barn, familie og helse

Vi har igjen opna hovudinngangen til bygget der avdelinga held til på Eggesbønes.

kommunetilsette i ei inngangsdør - Klikk for stort bileteFrå venstre: avdelingsleiar Monica Svoren og seksjonsleiarane Silje Ringstad, Christine Riise Øvrelid og Janita W. Remøy. Svein Arne Orvik

Der finn du desse fire seksjonane:

  • førebygging (helsestasjonen)
  • barnevern
  • psykisk helse og rus
  • rehabilitering (fysioterapeutar og ergoterapeutar)

Ein periode var det nødvendig å ha hovudinngangen stengt. Grunnen var omsynet til tryggleiken for dei som jobbar i seksjonane for barnevern og for psykisk helse og rus.

Men no har vi låste dører inne i bygget. Derfor kan vi opne hovudinngangen igjen.

Og dermed er det berre å gå inn og bruke venterommet når du har ein avtale med ein av seksjonane. 

Vel møtt!