Illustrasjonsplan av planforslag: Detaljregulering for Nautøya, vestre del av gnr 40 bnr 5
Utval for samfunnsutvikling vedtok 23. Oktober 2024 å legge reguleringsplan for “Nautøya, vestre del av gnr 40 bnr 5” ut på høyring, med følgjande villkår:
- Plankonsulent må skrive om planomtalen, i tråd med administrasjonen sine tilrådingar og vurderingar i saksframlegget, før planforslaget kan leggjast ut på offentleg ettersyn.
- Konsulent må utarbeide eit nytt risiko – og sårbarheitsskjema, og leggje dette ved plandokumentasjonen før planforslaget kan gå vidare til offentleg ettersyn. Risiko – og sårbarheitsskjemaet må ta utgangspunkt i nyaste mal frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, datert 09.06.2023.
- Plankonsulent må sende over ny planomtale og ROS-skjema til kommunen før planforslaget kan leggjast ut på offentleg ettersyn.
Desse villkåra har i stor grad vorte følgd opp, og har resultert i revisjonar og oppdateringar av dei ulike plandokumenta, som har vorte supplert vidare av administrasjonen. Planforslaget vil derfor no kunne innfri villkår sett av utvalet, og leggjast derfor ut på offentleg ettersyn.
Samandrag
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for oppføring av eit nytt bustadområde innanfor gbnr. 40/5, på vestre delar av Nautøya, slik at tiltakshavar kan tilby sine etterkomarar bustadtomter på garden.
Tiltaket vil innebere oppføring av totalt sju nye bustadar, med store eigendommar, nærleikeplass, eigen tilkomstveg til delar av bustadtomtene, òg friområde på land og i sjø som vil vere opent tilgjengelege for ålmenta. Områda er føreslått knytt saman med ein grussti over friområdet på land, for å auke tilgjengelegheita ytterligare.
Tiltaket er vurdert å kunne leggje grunnlaget for etablering av eit triveleg bustadområde i denne del av kommunen, med eigen nærleikeplass og tilgjengeleg strandsone, men er også vurdert å kunne ha nokon moglege negative verknadar for nærområda, bl.a. som følgje av landskapsendringar.
Gi innspel her
Dei oppdaterte dokumenta kan du finne i kunngjeringsbrev på postlista til Herøy kommune, saman med anna saksdokumentasjon, politiske handsamingar, og korrespondanse.
Fristen for å gi merknadar til planarbeidet er 25. april 2025.
Du kan gje høyringsinnspel i dette skjemaet. Merk innsendinga med årstalet 2021 og mappenummer 3131.