Koppen massetak - Planforslag
VOV
Utval for samfunnsutvikling vedtok 29. Januar 2025 å legge reguleringsplan for “Koppen massetak - gnr 21 bnr 2” ut på høyring, med følgjande villkår:
- Plankartet må erstattast med eit eige arealplankart (Utan illustrasjonar), og ein eigen illustrasjonsplan må utarbeidast og implementerast i planforslaget. Begge dokumenta skal følgje krav sett i kommunen sin kravspesifikasjon for reguleringsplanar.
- Eigne illustrasjonar for planlagt massetak, med veg, må utarbeidast før høyring av planforslaget. Dette må inkludere både tverrsnitt og lengdesnitt av massetak, og vegskisser for tilkostvegen til uttaket.
- Plankonsulent må kvalitetssikre og utbetre plandokumentasjonen i tråd med administrasjonen sine merknadar, som vil gå fram av eige mangelbrev etter politisk handsaming av saka. Plandokumentasjonen skal vere feilfri før offentleg ettersyn.
Desse villkåra har i stor grad vorte følgd opp, og har resultert i revisjonar og oppdateringar av dei ulike plandokumenta, som har vorte supplert vidare av administrasjonen. Planforslaget vil derfor no kunne innfri villkår sett av utvalet, og leggjast derfor ut på offentleg ettersyn.
Samandrag
Formålet med planarbeidet er å sikre vidare drift av dagens massetak i Frøystadvågen gjennom regulering, slik at uttaket framleis kan tilby byggråstoff til entreprenørar på lokale prosjekter i Herøy kommune.
Planarbeidet vil legge grunnlaget for ei modernisering av anlegget etter dagens krav, noko som også vil innebere føringar for sluttstilling og istandsetting når tilgjengeleg masse har blitt henta ut.
Tiltaket vurderast å kunne ha positive ringverknadar knytt til utvida tilgang til byggeråstoff for ulike prosjekt i kommunen, og kan ha gunstige sekundærverknadar knytt til auka aktivitet for lokale entreprenørar òg oppdatering av massetaksløysing etter moderne standarar, deriblant ved utbetra trafikkforhold og avgrensing av forureining. Samtidig vil tiltaket ha ei større effekt på landskapsbiletet og tilhøyrande friluftslivaktivitetar under driftsperioden, ei effekt som kan verte langvarig avhengig av kor lenge uttaket av steinmassar vil gå føre seg.
Gi innspel her
Dei oppdaterte dokumenta kan du finne i kunngjeringsbrev på postlista til Herøy kommune, saman med anna saksdokumentasjon, politiske handsamingar, og korrespondanse.
Fristen for å gi merknadar til planarbeidet er 02. mai 2025.
Du kan gje høyringsinnspel i dette skjemaet. Merk innsendinga med årstalet 2023 og mappenummer 3526.