Frå venstre: Kulturleiar Julianne Auberg Hauge og biblioteksjef Randi Tveit Solheim gler seg til å opne dørene til det nye biblioteket.
Svein Arne Orvik
Offisiell opning: 9. november klokka 12.00
Vi inviterer alle innbyggarar til opninga laurdag 9. november klokka 12.00.
Ordføraren vil stå for den tradisjonelle snorklippinga. Det blir helsingar frå fleire viktige stemmer i lokalsamfunnet, inkludert den nye leiaren i ungdomsrådet, Henrik Myklebust, kulturleiaren, og leiaren i Fosnavåg handelsforeining.
Kulturskulen vil også bidra med flotte musikalske innslag som vil sette stemninga for dagen.
Adressa til biblioteket er Rådhusgata 12, Fosnavåg. Slik er opningstidene:
- måndag, tysdag og torsdag: 11.00–19.00
- onsdag og fredag: 11.00–15.00
- laurdag: 12.00–15.00
Medverknadsdag: 15. november klokka 11.00–15.00
Fredag 15. november legg ordføraren og fleire tilsette i kulturavdelinga og utviklingsavdelinga arbeidsdagen sin til biblioteket.
Vi ønskjer å legge til rette for dialog med innbyggarane. Her har du høve til å påverke korleis biblioteket kan skape meir aktivitet i sentrum og bidra til trivsel i Herøy kommune.
Ta turen og gi oss innspel – dette er noko av det vi ønsker innspel om:
- Korleis kan kommunen legge til rette for at biblioteket skaper meir aktivitet i sentrum?
- Kva kan innbyggarane nytte biblioteket til for å skape meir aktivitet i sentrum?
- Kva skal til for at fleire trivst og har det bra i Herøy kommune gjennom ulike kulturtilbod eller møteplassar?
- Kva er aktuelle tema for offentleg samtale og debatt?
Vi ønsker alle varmt velkomne begge dagane!