Ny park: – Ein plass der viktig historie er fortalt

19. juni opna ordføraren offisielt parken i Fosnavåg der propellen frå skipet Rig Pilot er stilt ut.

ei rekke personar oppstilte - Klikk for stort bilete Wenche Moltu

Til stades var aktørar som har bidrege til at parken har kome i stand, ein lokal barnehage og andre interesserte. Parken er plassert på den ytre allmenningskaia i Fosnavåg.

Her er det ordførar Tine Storøy sa ved opninga:

– Eg vil med dette ønske alle velkomne til opninga av denne flotte parken (Pilotparken) midt i hjartet av Fosnavåg. Her har vi fått med oss historia til det fyrste norskbygde offshoreskipet (levert frå Voldnes skipsverft i Fosnavåg i 1972) til eit norsk reiarlag (Uksnøy og Co. frå Brattvåg) – og leikeapparat med tilhøyrande benkar for rekreasjon i den fine byen vår. Eg vil spesielt rette ei stor takk til alle som har bidrege til å få propellen heim og dei som har bidrege økonomisk og i form av mange dugnadstimar.

– Rig Pilot vart tidleg seld til Kina. Tor Arne Leine tok i 2016 initiativ til å spore opp skipet, med tanke på å få det heim, dersom det framleis eksisterte. Meklarfirmaet Fearnley Offshore tok på seg oppdraget gratis. Det vart utfordrande å spore opp skipet, då det var uråd å finne skipet på AIS eller å finne ut kven som var den rette skipseigaren. Dei måtte difor etter ei tid gi opp.

– Leine slo seg ikkje til ro med det, og meklarane gjorde eit nytt forsøk noko seinare. Denne gongen lukkast dei med å finne skipet, som hadde fått eit nytt, ukjent namn. Det hadde då akkurat gått til opphogging i Xiamen-området. HAV Design hadde ein tilsett i Kina som reiste til opphoggingsverftet. Opphogginga blei stansa nokre dagar for å finne ut om skipet kunne reddast. 

– På grunn av at opphogginga hadde kome eit godt stykke på veg, måtte ein nøye seg med å få heim nokre delar. Deriblant blei den eine propellen kjøpt, med tanke på ei mogleg utstilling. HAV Design, Herøy Næringsforum, Fearnley Offshore og nokre private tok økonomisk ansvar og fekk sendt delane heim til Fosnavåg. Desse tre selskapa er på ulikt vis dei som gjorde det heile mogleg.

– Robert Voldnes og reiarlaget Uksnøy og Co. må også nemnast med bidrag inn mot sikringa av delane. Vidare så har Kongsberg Maritime, MMC First Process, Cann AS og Smådal Mek vore bidragsytarar for å få propellen på plass.

– Når det gjeld ferdigstillinga av Pilotparken med tilhøyrande leikeapparat, så må ein også rette ei stor takk til bidrag frå Sparebanken Møre, Remøy Havfiske, Arhaug Maskin og Herøy kommune. I tillegg så har mellom anna Mandagsklubben bidrege med dugnad for å få på plass elvesteinen i bed.

– Det at fleire aktørar har bidrege både økonomisk og praktisk, gjer at Fosnavåg og Herøy har fått ein plass der viktig historie er fortalt, og der både born og vaksne kan opphalde seg. I lys av byutvikling og identitet, er det viktig å fortelje historie.

– Rig Pilot var altså det aller fyrste viktige skipet i den uendeleg lange rekka av norskdesigna og -bygde offshoreskip til norske reiarlag så vel som utanlandske. Med tanke på den avgjerande rolla som dei norske verfta har og har hatt for den maritime næringa, kan vi seie at starten på den maritime delen av offshoreeventyret var her i Fosnavåg, sjølv om andre aktørar blei betydeleg større og meir innflytelsesrike.

– La propellen frå Rig Pilot, som har snurra i 44 år og kvilt seg i ytterlegare åtte, vere til minne om og i respekt for alle dei som har lagt ned uendeleg innsats på verft, hos designselskap, som utstyrsleverandør, som underleverandør eller i reiarlag. Noreg er på verdskartet som ein kvalitetsleverandør og operatør av offshoreskip. Vi kan faktisk seie at det heile starta, på sett og vis, med denne propellen, nettopp her i Fosnavåg i 1972.