Ny leiar i ungdomsrådet

Henrik Myklebust har tatt over etter Sivert S. Leine, som har vore leiar i to år.

Den nye leiaren Henrik Myklebust til venstre, og Sivert S, Leine til høgre. - Klikk for stort bileteHenrik Myklebust til venstre og Sivert S, Leine til høgre. Mona-Grethe Ryssevik

Det neste året vil Leine vere medlem i ungdomsrådet. Leiar og nestleiar blir valt annakvart år. Marthe Salvatierra Kvalsvik vart valt som nestleiar i fjor og Myklebust tok over som leiar denne veka.

Ungdomsrådet har hatt ni møte i 2024 og har hatt viktige saker på saklista. Protokoll frå møta kan du finne i møteplanen.

Henrik Myklebust er klar for å ta til som leiar og vi ønsker han lukke til i det viktige arbeidet.