Ny leiar for psykisk helse og rus

Silje Ringstad er tilsett som seksjonsleiar for psykisk helse og rus i Herøy kommune.

portrett av Silje Ringstad - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Ho byrjar i Herøy 21. august og kjem frå stillinga som programrådgivar i flyktningtenesta i Hareid kommune.

Ringstad er utdanna sjukepleiar, har ein mastergrad i kulturmøte og held på med ein master i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.

– Eg har mykje erfaring frå arbeid med psykisk helse. Eg arbeidde i Oslo frå 2006, først i akuttpsykiatrisk avdeling ved Ullevål sjukehus i mange år. Eg har jobba mykje med flyktningar, blant anna i utlendingseininga til politiet, ved Lovisenberg distriktspsykiatriske senter og i Hareid det siste halvåret, seier Ringstad.

Ho har også bakgrunn som teamleiar i eit samarbeidsprosjekt mellom barne- og ungdomspsykiatrien og ein Oslo-bydel.

– Målet for prosjektet var å teste ein ny modell for arbeidet med ungdom. Ungdommane hadde alvorlege utfordringar knytte til psykisk sjukdom. Dei trengte ambulant oppfølging og samansette tenester, fortel Ringstad.

Ho er sambuar, har tvillinggutar på fem år og vaks opp i Myrvåg.

– Vi bur også midlertidig i Myrvåg no, men snart flyttar vi til Stokksund. Der pussar vi opp eit gamalt hus. Eg ser fram til å flytte inn og få meir tid til å vere med vener og familie, lese og drive med kjekke uteaktivitetar, seier Ringstad.

Vi ønsker ho varmt velkomen til Herøy!