Ny kommunalsjef: – Gler meg til å bli kjent med Herøy

Lene Nupen er tilsett som kommunalsjef for kultur og oppvekst. 

portrett av Lene Nupen - Klikk for stort bilete privat

Ho kjem frå stillinga som avdelingsleiar for skule i Volda kommune. 

Nupen har jobba i Volda kommune sidan 2002. Fram til 2012 var ho lærar og rettleiar. Frå 2012 jobba ho som fagkonsulent i kommuneadministrasjonen. I åra 2016–2019 var ho assisterande oppvekstsjef.

– Skal eg dra fram eit viktig arbeid, må det vere den digitale utviklinga i voldaskulen. Det er den mest omfattande endringa eg har leia, seier Nupen. 

Ho byrjar som kommunalsjef for kultur og oppvekst i Herøy 1. februar 2024. 

Opptatt av tverrfagleg arbeid

Nupen er utdanna adjunkt med tilleggsutdanning innan musikk og IKT i botnen. Ho er vidareutdanna i rettleiing frå Høgskulen i Volda og leiing frå Høgskulen på Vestlandet.

– Eg gler meg til å bli kjent med Herøy kommune, bygge relasjonar og få innsikt i organisasjonen. Det blir fint å ta fatt på nye og spanande oppgåver. Eg kjem mellom anna til å gi det tverrsektorielle og tverrfaglege arbeidet stor merksemd. Der kan vi hente meirverdi og kapasitet til oppgåvene vi skal løyse saman i Herøy og i kommunenoreg elles, seier ho.

Glad i frivillig arbeid

Nupen bur i Volda, er gift og har to born. 

– På fritida styrer eg med litt av kvart. Eg likar å vere med som frivillig i lag- og organisasjonsarbeid. Eg driv også med litt song og musikk. Med ein aktiv familie prøver vi å få reist litt når vi alle har tid til det. Elles er det jo fin natur å nyte inst på søre, fortel ho.

Hjarteleg velkomen til Herøy kommune!