Sparebank 1 Søre sunnmøre vann anbodskonkurransen etter ein ryddig og god prosess. Framover vert det planlagt for ein god overgang til ny bank.
- Banken vil legge opp til eit godt samarbeid med kommunen og vil vere ein samtalepartnar der det vert sett fokus på utvikling av næringsliv og lokalsamfunn, seier Brautaset.
- Det har status og er komplekst å jobbe med kommunen, seier leiar for bedriftsmarkedet Sigrun Heltne Vartdal.
Kommunedirektør Trond Arne Aglen er glad for at ein lokal bank vann fram i anbodskonkuransen.
- Det vil skje så mykje viktig i kommunen framover med kommunale investeringar og næringsutvikling. Det er derfor viktig at vi har ein god dialog med banken framover.
Økonomileiar Geir Egil Olsen er godt nøgd med at Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som er ein sterk lokal aktør i området, syner seg å vere godt posisjonert i konkuransen med andre bankar både når det gjeld vilkår og kvalitet. Kommunen ser fram til samarbeidet og vonar på gode synergiar dei komande 3-5 åra.
Det var god stemning og dialog under møte. Etter møte vart det eit lite «kappløp» i Rådhusgata.