Det kan du gjere på to måtar:
Tenestene på Helsenorge er utvikla etter strenge krav til tryggleik og personvern. Derfor kan du trygt utveksle informasjon om helsa di med legen gjennom Helsenorge.
Vi oppmodar alle om å nytte Helsenorge. Her kan du lese meir om korleis du tar i bruk Helsenorge til å ha kontakt med legen.
Framleis mogleg å ringe
Om du helst vil ringe til legesentera våre, vil du naturlegvis framleis kunne gjere det.
Sjå kontaktinformasjonen til Herøy legesenter, Myrvåg legesenter og Fosnavåg helsehus.
Brukar ikkje lenger Helserespons
Legesentera går vekk frå tenesta Helserespons samtidig som dei tar i bruk Helsenorge til å ha digital kontakt med innbyggarane. Dette skiftet heng saman med at vi får nytt pasientjournalsystem.
Den første tida etter 9. november kan det bli litt ekstra ventetid på telefonen til legesentera. Grunnen er arbeidet med å skifte system.