Møte med kultur- og folkehelseutvalet i fylket

Fredag 30. august hadde vi besøk av utvalsleiar for kultur- og folkehelseutvalet i fylket, Jessica Gärtner.

Utvalsleiar Jessica Gärtner saman med ordførar Tine Storøy. - Klikk for stort bileteUtvalsleiar Jessica Gärtner saman med ordførar Tine Storøy. Wenche Moltu

Etter eit innhaldsrikt møte om utviklingsplanen for Fosnavåg sentrum på rådhuset, var det synfaring på Gjerdet i Fosnavåg sentrum. Eigedomen er eit viktig område kulturelt og historisk. Her finn ein blant anna det eldste huset i Herøy kommune. Huset er frå om lag 1650.

Seinare var det enkel lunsj på Herøy gard, der utfordringar knytte til drift av museet vart diskutert. Det var også synfaring på øya Herøy.

– Vi takkar utvalsleiaren for at ho kom til Herøy og brukte heile dagen med oss. Det set vi stor pris på. Vi hadde eit godt møte der vi fekk gi direkte innspel om viktige saker innan kultur og folkehelse, seier ein nøgd ordførar Tine Storøy.