Miljøfyrtårn-sertifisering til bedrift i HerøyAasen Reinhald AS fekk i oktober overrekt det synlege beviset på at selskapet har fått Miljøfyrtårn-sertifisering.Frå venstre: Narumon Aasen, Trond Aasen og ordføraren Tine Storøy Wenche Moltu Prosessen fram til å verte sertifisert har for bedrifta vore lang og omfattande, men har gitt nyttig innsikt i eiga verksemd. På nettsida Miljøfyrtårn kan du lese om kvifor ei bedrift vert sertifisert.- Dette er eit kvalitetsstempel i arbeidet dei gjer og viser at også mindre bedrifter kan få det til. Eg håper at fleire lokale bedrifter vil få sertifiseringa frametter, seier ein nøgd ordførar Tine Storøy. Publisert av Wenche Moltu Publisert 30.10.2024 10:11 Sist endra 30.10.2024 22:40