Markerte FNs verdsdag for førebygging av drukning

Verdsdagen vart markert på redningsskøyta «Idar Ulstein», som er stasjonert i Fosnavåg.

Frå venstre: styrmann Kenneth Sætremyr, maskinist Per Børstad, ordførar Ann-Kathrin Storøy (Tine) og  skipsførar Tom Kausanrød. - Klikk for stort bilete Wenche Moltu

Ordførar Ann-Kathrin (Tine) Storøy vart invitert til markering om bord i redningsskøyta.

– Vi er glade for å ha redningsskøyta her. Det gir oss stor tryggleik, seier Storøy.

Trygg på sjøen

Redningsselskapet gjer mykje for å førebygge drukning. Det er viktig at alle lærer å ferdast på sjøen på ein trygg måte. Per Børstad, som arbeider på redningsskøyta, fortel om ulike kampanjar, sommarleir, sjekk av redningsvestar og nettbaserte kurs der hjarte- og lungeredning er sentralt.

Informasjon om Redningsselskapet og dei ulike tilboda finn du på selskapet sine nettsider.

– Viktig at alle lærer å symje

Det er viktig at der både finst stigar og redningsbøyer i kommunen som kan nyttast om folk fell i sjøen. Det viktigaste av alt er at folk kan å symje, seier dei ved redningsskøyta.

– Vi er ein kystkommune og det er viktig å ha gode kunnskapar og rette haldningar til sjøen. Det er viktig at alle er trygge i vatnet og kan å symje. Vi er heldige som har Sunnmørsbadet der det vert gitt opplæring, seier ordføraren.

I kommunen er det opplæring for at elevar i grunnskulen skal nå kompetansemåla (4., 7. og 10. trinn). For 10. trinnet er det eit opplegg både i basseng og i sjøen. Her vert det også gitt opplæring i hjarte- og lungeredning.  

– Vi har opplæring av rosarussen i barnehagen også. Målet her er å gjere barna trygge i vatn, seier ordførar Ann-Kathrin (Tine) Storøy.

Ordføraren kunne også informere om at det vert gitt symjeopplæring ved Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSSS). Det er eit interkommunalt lag (for Hareid, Ulstein, Herøy og Sande) som set fokus på å oppleve meistring i vatnet.

Ordføraren med redningsvesten som ho fekk overrekt frå mannskapet på redningsskøyta. - Klikk for stort bileteOrdføraren med redningsvesten som ho fekk overrekt frå mannskapet på redningsskøyta. Wenche Moltu Kenneth Sætremyr viser korleis ein vest fungerer. - Klikk for stort bileteKenneth Sætremyr viser korleis ein vest fungerer. Wenche Moltu

Kva gjer du?

I 2023 hadde redningskøyta i Fosnavåg 144 oppdrag og over halvparten gjaldt fritidsbåtar. Det er viktig at alle har dei rette haldningane og brukar vest på rett måte. Om ein vert vitne til ei ulykke og fare for drukning, er det viktig å ha tenkt igjennom kva ein skal gjere.

– Ved drukning kan du ikkje gjere noko feil. Det er viktig å handle, men tenk over kva du skal gjere i ein slik situasjon, avsluttar Børstad ved redningsskøyta «Idar Ulstein».