Lokal kampanje spreier kunnskap til yngre eldre

Vi ønsker at fleire skal få vite meir om kva som gir god helse og gjer det mogleg å leve godt heime.

tilsette i kommunen samla til eit gruppebilde på eit treningsrom - Klikk for stort bileteMed kampanjen vil seksjon for rehabilitering i Herøy formidle kunnskap til aldersgruppa 65+. På bildet er ein del av seksjonen samla. Frå venstre: Øystein Nerland, Maria Elena Nilsen, Vegard Flister, Kathrine Torvik Eikenæs, Elisabeth Strand Slettestøl, Marthe Vike Hungnes, Eline Gurskevik Vattøy (framme), Ann-Magritt Myrene Ytre-Hauge (framme). Svein Arne Orvik

I Herøy kommune har vi lenge sett at mange har behov for meir kunnskap om nettopp det. Derfor lanserer vi no kampanjen «4 tips til 65+». Kampanjen er laga av ergo- og fysioterapeutane i seksjon for rehabilitering, saman med kommunikasjonsavdelinga i kommunen.

Og dette er dei fire tipsa:

  1. Ver fysisk aktiv – det er godt for både kropp og sinn.
  2. Tilpass bustaden din – eller flytt til ein meir eigna bustad.
  3. Bruk evnene dine og knytt band til andre menneske.
  4. Et sunt og godt – det er smart på fleire vis.

– Viss du er i gruppa 65+, er det lurt å gjere val som aukar sjansen for at alderdomen blir slik du gjerne vil, skriv vi på nettsidene til kampanjen.

Der ligg det artiklar som utdjupar kvart av dei fire tipsa. Artiklane gir innspel til korleis målgruppa sjølv kan følge opp i kvardagen. Tekstane formidlar kunnskap om helse og opplyser om lokale aktivitetar og tilbod innan førebygging og rehabilitering.

Hjelp til sjølvhjelp

Eit viktig mål med kampanjen er å gi innbyggarane i aldersgruppa over 65 år meir kunnskap om korleis dei kan ta vare på den fysiske og psykiske helsa si.

– Noko av det viktigaste vi gjer som kommune, er å hjelpe folk til å hjelpe seg sjølve, skriv vi på nettsidene til kampanjen.

I samband med kampanjen gir vi ordet til tre herøyværingar som fortel korleis dei ser på det å bli eldre. Dei tre innbyggarane kjem til orde i eigne artiklar på nettstaden.

Andre verkemiddel blir også nytta: Det heng plakatar på viktige møtestader, og ergo- og fysioterapeutane formidlar dei fire tipsa i direkte kontakt med målgruppa.

Trene seg opp

På nettsidene til kampanjen viser vi til at vi blir stadig fleire eldre, og at det betyr fleire ting for lokalsamfunnet:

  • For det første har eldre massevis å bidra med. Det eldre veit og kan, er viktig for oss alle i Herøy-samfunnet, på tvers av generasjonane.
  • For det andre er det eit gode om vi held oss friske lenge. Det er først og fremst bra for den enkelte. Og så er det bra for helse- og omsorgstenesta vår, som skal stille opp for dei som treng det.

– Ofte er det mogleg å utsette det tidspunktet der vi får store hjelpebehov. Det går an å minke faren for å bli sjuk eller skada. Det går an å trene seg opp igjen etter sjukdom og skade. Og ved å legge godt til rette, kan vi leve lenge i heimen, skriv vi på kampanjesidene.

Gå til sidene til kampanjen 4 tips til 65+