Litt av ei veke i konserthuset!

Sjekk stemningsrapporten frå sist veke – og programmet for vekene framover.

fullsett konsertsal med kafebord - Klikk for stort bilete Petter Ole Kopperstad

Tysdag var det smekk full kinosal då det var dagkino-framsyning av den nye norske filmen «Nr. 24». Ingen ledige billettar var ledige då filmen starta! Og i forkant av filmen var det flott lunsj nede i konsertsalen der det også var fullt med 80 kring småborda. Dei som hadde kjøpt seg lunsj-billett på førehand kosa seg med nydeleg mat frå elevane ved Restaurant- og matfag  på Herøy vidaregåande skule. Vår kinokioskansvarlege Maria Bakkevoll hadde jobba godt og mykje med arrangementet på Fosnavåg kino den tysdagen. Då er det kjekt at det lykkast så veldig!

samansett bilde av foto av ulike artistar - Klikk for stort bilete artistane og Herøy kommune

Fredag kveld var det klart for Opa scene vol. 4, vår litt tidlege julekonsert. Der var det over 400 publikummarar inne i salen, og vi har inntrykk av at dei kosa seg! Vi serverte 10 ulike innslag frå 25 ulike songarar og musikarar inkludert bandet. Denne gongen hadde vi besøk frå fleire nabokommunar, og det synest vi er stas. Vi skal også nemne konserten søndag kveld, der det også kom publikum frå nabokommunene våre for å oppleve Bendik Hofseth, Eivind Aarset og resten av bandet som leverte «Woodlands» på ein rørande og imponerande måte!

Julekonserten kom forresten litt tidleg i år for å gjere plass til julesesongen og storinnrykk av artistar framover. Det startar allereie denne veka med D.D.E. onsdag kveld og Åge Aleksandersen torsdag kveld! Sistnemnde saman med gitaristen sin Gunnar, dottera Line-Sofie og kvintetten frå Trondheimssolistene. 

Sjekk ut programmet vårt her. 

Arrangementsleiar Petter Ole Kopperstad