Legg om heimetenesta for å sikre rett kompetanse til rett oppgåve

– Det blir i større grad dei same personane som kjem heim til den enkelte. Pasientane vil dermed få ei betre teneste, seier Gry Dragsund-Vike, avdelingsleiar for pleie og omsorg.

ei gruppe menneske i eit møterom - Klikk for stort bileteTilsette i heimetenesta samla til møte på Eggesbøtun. Svein Arne Orvik

Hittil har heimetenesta i Herøy vore delt i to – mellom indre og ytre. Frå 7. april blir tenesta samla i ei eining som skal innehalde tre meistringsteam for ulike delar av kommunen: indre, midtre og ytre.

Meistringsteama vil i hovudsak bestå av helsefagarbeidarar og nokre ufaglærte, som skal hjelpe brukarane med å meistre kvardagen heime.

– Målet med å ha meistringsteam for ulike område er at pasientane skal oppleve meir tryggleik og kontinuitet, seier Dragsund-Vike.

I tillegg til meistringsteama vil heimetenesta ha eit såkalla helseteam med sjukepleiarar. Helseteamet følger opp pasientane når det trengst sjukepleiarkompetanse, blant anna med medisinering.

Tilpassa behovet

– Med tre meistringsteam og eit helseteam vil vi i større grad enn før nytte rett kompetanse til rett oppgåve. Om brukaren får hjelp frå helseteamet eller eit meistringsteam kjem an på behovet brukaren har, seier Dragsund-Vike.

Brukarane av heimetenesta vil få ein informasjonsbrosjyre om tenesta. Brosjyren vil ta føre seg kva brukarane kan forvente av heimetenesta og kva tenesta forventar av brukarane. 

Tenesta vil også innføre telefontid der brukarane kan ta kontakt.

Jobba fram gjennom prosjektgruppe

Bakgrunnen for samlinga er at heimetenesta i januar 2024 blei med i TØRN-prosjektet til kommuneorganisasjonen KS. Målet for prosjektet er å laga ei berekraftig helseteneste for framtida. Tenesta har jobba med prosjektet gjennom ei eiga arbeidsgruppe.

– TØRN-prosjektet handlar om oppgåvedeling med målretta bruk av velferdteknologi. Arbeidsgruppa i heimetenesta har jobba med rutinar for velferdsteknologi og korleis vi kan nyttiggjere teknologien best mogleg. Døme på det er medisindispensarar og tryggleiksalarmar, seier Dragsund-Vike.

Gruppa har også jobba med oppgåvedeling, kompetansekartlegging og sett på kva utfordringar vi har med flyt i tenesta, seier ho.