La fram sentrumsplanen: – Heilt rått!

Det var stinn brakke då utviklingsplanen for Fosnavåg sentrum blei lagt fram på eit folkemøte torsdag kveld.

ei kartskisse som viser planane for Fosnavåg - Klikk for stort bilete illustrasjon frå Civitas og Kima arkitektur

I konserthuset la selskapa Civitas og Kima arkitektur fram planen dei har laga saman med kommunen. 

Planen er omfattande og handlar – blant mykje anna – om å

  • bygge nye bustadar, blant anna på Igesund
  • reise nye kontorbygg med publikumstilbod på bakkeplan
  • fortette sentrum, utvikle Vågsplassen og andre byrom
  • endre køyremønsteret
  • innføre timesparkering og utvide parkeringshus
  • lage djupvasskai og større gjestebrygge
  • koordinere plasseringa av butikkar og fylle tomme lokale
  • etablere kulturhamn i Ura og løfte fram sjøbuene på Notaneset

Ei rekke innbyggarar kom med innspel om kva lokalsamfunnet saman bør gjere for å følge opp utviklingsplanen. 

tre personar med ein plakat der det står innspel frå ungdom - Klikk for stort bileteUngdomsrådsleiar Sivert Sporstøl Leine formidla kva ungdom ønsker seg i sentrum. Her er han flankert av ordførar Tine Storøy og kommunedirektør Trond Arne Aglen. Svein Arne Orvik

Levande dokument

Ordførar Tine Storøy retta ein spesiell takk til avdelingsleiar Ole Magne Rotevatn og planleggar Lisa Dorthe Sævik Valø i utviklingsavdelinga. På få månader har avdelinga gjort eit stort arbeid saman med Civitas og Kima arkitektur. Ordføraren var imponert over tempoet i arbeidet.

– Det har vore heilt rått, det de har gjort, sa ho.

Storøy poengerte at utviklingsplanen skal vere eit levande dokument som viser moglegheitene framover.

Du kan lese meir om bakgrunnen for arbeidet, om byutviklingsmøta med næringslivet og om ideverkstaden for ungdom.

Patriotkapital

Kommunedirektør Trond Arne Aglen sa at viss vi skal lykkast med å utvikle Fosnavåg, er vi heilt avhengige av at politikararne, administrasjonen og ikkje minst innbyggarane jobbar saman. 

– Det er noko som heiter patriotkapital. Saman med dykk som bur her og ønsker å utvikle kommunen og sentrum, er det fullt mogleg å realisere planane, sa Aglen.

Han informerte om at planen er laga med pengar kommunen har sett av tidlegare år og med pengar frå fylkeskommunen. 

mange menneske samla i ein sal - Klikk for stort bileteMange møtte fram for å høyre om planane og ytre seg om kva som no bør gjerast. Svein Arne Orvik

Konkrete initiativ

Utviklingsleiar Ole Magne Rotevatn opplyste at Civitas og Kima arkitektur har hatt eigne møte med fleire aktørar som har fortalt om sine planar.

– Det er tale om konkrete byggeprosjekt der vi treng raskt realiserbare byggetomter, sa Rotevatn.

Han trekte fram desse eksempla:

  • Herøy næringsforum har lansert Norsk havsenter.
  • HAV veks ut av kontora i sentrum – er det mogleg med tilbygg?
  • To aktørar, som også veks, treng nye kontorlokale med 80–150 arbeidsplassar – kvar kan dei bygge i sentrum?

Last ned presentasjonen av utviklingsplanen. (PDF, 20 MB)

ein mann snakkar i ein sal - Klikk for stort bileteOle Magne Rotevatn viste til konkrete private initiativ. Svein Arne Orvik ei kvinne held føredrag - Klikk for stort biletePå eit fagseminar før folkemøtet heldt rådgivar Grete Kongshaug i fylkeskommunen innlegg om by- og tettstadutvikling. Lisa Dorthe Sævik Valø