La fram planar om Dragsund næringspark
På ein pressekonferanse onsdag la entreprenøren Aurvoll og Furesund AS med samarbeidspartnarar fram planar om å utvikle Dragsund næringspark.
Ordføraren saman med representantar frå Aurvoll og Furesund AS og partnaren Alti Forvaltning AS.
Svein Arne Orvik
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 13.09.2023 13:40
Sist endra 13.09.2023 13:48
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Dei ønsker å utvikle eit område der det er attraktivt å vere, oppleve, handle og drive næring. Næringsparken er tenkt plassert sør for fylkesveg 654 i Myrvåg.
Ordførar Bjørn Prytz kalla inn til pressekonferansen. Kommunestyret i Herøy fekk i juni presentert planane om den nye næringsparken og stilte seg positive til prosjektet.
Kommunestyret vedtok 21. juni at kommunen skal lage ein kommunedelplan for Myrvåg og Dragsund.
Last ned presentasjonen som blei vist på pressekonferansen (PDF, 4 MB).