Kunngjering av godkjent plan

Kommunestyret vedtok 26.09.2024 detaljreguleringsplan for fortau mellom Igesund og Fosnavåg. 

Føremålet med planarbeidet er å skape gode trafikale løysingar både for gåande og køyrande langs fylkesveg 5878 gjennom Fosnavåg sentrum mot Nerlandsøya. Planarbeidet har pågått over fleire år, men ein har no kome til eit forslag som løyser det meste av utfordringane langs fylkesveg 5878, sanerer fleire avkjørsler og legge opp til å utbetre krysset mellom Huldalen, Igesund og fylkesvegen.

vedteke plankart for detaljreguleringsplan Kleiva til Fosnavåg

 

Kommunestyret vedtok detaljreguleringsplanen 02.02.2023 og det kom inn klage frå Kurt Aarvik på vegne av sameiget i Huldal 1 og 2 og Per Helge Dybvik. Desse er levert 28.02. og 05.03. frå partar som er grunneigarar eller representerer grunneigarar innanfor planområdet.

 

Plandokumenta kan du finne i kommunen sitt planarkiv: https://www.arealplaner.no/heroy1515/arealplaner/159?term=igesund 

 

 

 

Planen kan påklagast til statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan 08.11.2024.

Du kan lese meir om dine rettar til å klage her: https://www.heroy.kommune.no/tenester/bygg-eigedom-og-plan/klage-pa-vedtak/