Korleis har ungdomen det i Herøy?

Illustrasjonsfoto ungdom. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto ungdom. Adobe Stock Ungdata-undersøkinga for 2022 er klar. Korleis har ungdomen det i Herøy og kva driv dei med på fritida? 

Ungdata gir oss ein god peikepinn.

I rapporten blir resultata for 2022 samalinka med tidligare Ungdata-undersøkingar (2017 og 2019) som er gjennomført i kommunen. Resultata blir og samanlikna med nasjonale tal som er baserte på Ungdata-undersøkingar over heile landet.

Her får du nokre viktige funn frå undersøkinga, men du kan lese meir om undersøkinga i rapportane som ligg som vedlegg nedst i artikkelen.

- Generelt ser vi at få av funna er spesielle for Herøy. Det meste er i tråd med nasjonale trendar, men vi må ta på alvor og vurdere tiltak der det trengs, kommenterer kommunalsjef for kultur og oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy.

- Likeins må vi analysere område der vi har gode resultat, for å bli medvitne om kva vi gjer og også vidareutvikle, legg Lillebø Remøy til.

Fakta om undersøkinga: 

  • Den vart gjennomført i veke 9 - 14.
  • 310 elevar har svart på undersøkinga på 8. - 10. årstrinn. 
  • Svarporsenten er på 84 prosent.

Om livskvalitet

Ungdata kartlegg fleire aspekt av ungdomane sin livskvalitet når det kjem til det som går på kjensler. Det kan vere glede, energi og engasjement.

Dei siste åra har ein blitt meir merksam på det som på fagspråket vert kalla eudaimoniske aspekt ved livskvalitet. Det betyr å kjenne seg nyttig og oppleve meistring. I Ungdata-undersøkinga får ungdomane også spørsmål om slike faktorar. 

Funna fortel oss at jentene er mindre nøgde med livet og livskvaliteten enn gutane. Dei er samtidig mindre optimistiske om framtida, kjenner sjeldnare på meistring og oppleving av å vere til nytte, samanlikna med det gutane gjer.

Prosentdel som er einige i ulike utsegner om seg sjølv om livet sitt.

Om venner 

Dei fleste har nokon å vere saman med, både i friminutta på skulen og på fritida. Likevel seier 7 % at dei som regel ikkje har nokon å vere saman med på fritida.  Dei som svara «ja, alltid» eller «ja, som regel» er 97 % av gutane og 98 % av jentene.

Trendrapporten syner 10 % nedgang i delen som svarar ja på spørsmålet «har du minst ein venn som du kan stole fullstendig på og kan betru deg til om alt mogleg?» Frå 70 % i 2020 til 61 % i 2022.

Undersøkinga viser også at Herøy-ungdommen er meir ute med venner enn snittet for Noreg.

Status i vennemiljøet

Det har blitt meir press relatert til kropp, skuleprestasjonar og det å vere god i idrett. Jentene gir særleg uttrykk for dette. Å vere god på skulen gir status i vennemiljøet, og her ser vi eit høgare tal enn sist.

Om relasjonen til foreldra sine

At banda mellom dagens ungdom og foreldra er prega av tillit, blir understreka av at svært mange opplever at foreldra har god oversikt over kva dei gjer på fritida og kven dei er saman med. Litt fleire enn i 2020 vil halde fritida si skjult for foreldra sine, men dei er like godt nøgd med foreldra sine.

  • 85 % av elevane på ungdomstrinnet er nøgde med foreldra sine.

  • 96 % opplever at foreldra brukar å vite kvar dei er og kven dei er saman med på fritida.

  • 31 % prøvar å halde mesteparten av fritida skjult for foreldra.

Trivsel i skulen

Skulen er ein god plass å vere for dei fleste – men ikkje for alle.

Nasjonale tal viser at fleire jenter kvir seg til å gå på skulen og opplever meir press.

Gutane vert mindre stressa av skulearbeidet og gjer mindre lekser. 

Færre trur dei kjem til å ta meir/høgare utdanning. 48 % svarar dette i Herøy, medan dei nasjonale tala er 56 %.

84 % av gutane seier dei trivst på skulen. 82 % av jentene seier det same.

Om fritida

Undersøkinga viser at medan gutar er mykje meir opptekne av gaming, er jenter oftare på sosiale medium.

Færre er med på organisert aktivitet. Undersøkinga viser ein nedgang frå 40 % til 35 %. Fleire trenar derimot på eiga hand, på treningssenter eller liknande.

Jentene er mer ute blant vener enn det gutane er.

Vald og trakassering

På landsbasis opplever om lag åtte prosent jamleg å bli plaga, utfrosen eller truga av andre unge.

I Herøy seier 4 % at det har blitt utsett for mobbing minst kvar 14. dag. Dei nasjonale tala viser 7 %.  

96 % av dei som har svart i Herøy, seier dei aldri eller nesten aldri er med på plaging, trugslar eller utfrysing av andre unge på skulen eller i fritida. 

Undersøkinga viser frå Herøy at 92 % seier dei aldri eller nesten aldri sjølve blir utsette for plaging, trugslar eller utfrysing av andre unge på skulen eller i fritida. 

30 % seier dei har blitt utsett for krenkande ordbruk med seksuelt innhald. Dette skjer oftare hos jenter eller blant gutar.

Gutar vert oftare utsett for å bli slått, sparking, risting eller liknande, enn det jenter gjer. 28 % av gutane har opplevd det dei siste 12 månedane. 23 % av jentene har opplevd det same.

Lokalmiljø og framtid

Prosentdelen unge som er nøgde med heimstaden sin, søkk gjerne i løpet av ungdomsskulen. Dette gjer seg ofte meir gjeldande for jentene enn for gutane. Opplevinga av lokalmiljøet vil også vere prega av utsiktene til utdanning, arbeid og familietablering på sikt.

For Herøy, trekkjer kollektivtilbodet ned prosenten.

På spørsmålet om dei unge kan tenkje seg å bli i kommunen som vaksen, seier 31 % at dei kan tenkje seg det. Det er ein nedgang frå førre undersøking der talet var 40 %.

Ungdom opplever at det er trygt å ferdast ute i lokalmiljøet på kveldstid.

Om helse

Gutar er i snitt noko meir nøgde med si eiga helse enn jenter.

Ein svært stor del av jentene vert stressa av skulearbeidet og opplever press til kropp og prestasjonar.

Fleire av jentene har hovudverk og andre fysiske/psykiske plager.

14 % har brukt helsestasjon for ungdom i løpet av det siste året (8 % nasjonalt)

14 % har brukt psykolog i løpet av siste året.

Jentene nyttar seg av dei ulike helsetenestene i større grad enn gutane.

Om rusmiddel

På ungdomsskulen har dei færraste byrja å drikke alkohol. 

Bruken av røyk og snus er uendra frå sist undersøking, og ligg framleis lågt.

Fleire jenter drikk alkohol/drikk meir alkohol.

Har du lyst å lese meir? Då finn du rapportane her: