Kontrakt med Tussa Installasjon

Herøy kommune har saman med Ulstein kommune og Ulstein Fjernvarme AS, signert ei rammeavtale med Tussa Installasjon AS på elektrikartenester med tilhøyrande materiell. Rammeavtalen varer i 2 år, med opsjon på ytterlegare 2 år.

Frå venstre: Gunnar Slettestøl, Trond Arne Rossi Aglen og Tommy Gjerde - Klikk for stort bileteUnderteikning av kontrakt Lene Huldal

Rammeavtalen omfattar ei rekke ulike tenester og elektromateriell, som til dømes årskontroll av brannanlegg og naudlys, service og installasjonsarbeid på elektro-, tele- og dataanlegg, m.m. Rammeavtalen vil bli nytta til å skifte ut gamle lysarmatur til moderne LED-lys. Herøy kommune har mange bygg som ikkje har tilfredsstillande belysning, og vi vil i 2026 starte med ei systematisk oppgradering til moderne belysning i våre bygg. 

Vi er svært glade for å ha fått på plass ei god rammeavtale med ein lokal leverandør, ein leverandør som vi har hatt eit godt samarbeid med over fleire år, og som kjenner våre behov, bygg og installasjonar. Rammeavtalen vil gje oss forutsigbarheit og fleksibilitet og den kan nyttast på både små og større anskaffingar.

Vi opplever Tussa Installasjon AS som ein profesjonell organisasjon som har fokus på gode tekniske løysingar, innovasjon og miljø,  og som har mange dyktige tilsette som vi ser fram til å samarbeide vidare med.