Konstituert rektor ved Ytre Herøy ungdomsskule

Nina Igesund er konstituert i rektorstillinga ved den eine ungdomsskulen vår frå 1. oktober.

portrett av Nina Igesund - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

– Vi er glade for å kunngjere at Nina Igesund er konstituert i rektorstillinga ved Ytre Herøy ungdomsskule, seier Hilde Beate Hestås, avdelingsleiar for grunnskule og PPT.

Igesund kjem frå stillinga som assisterande rektor ved den same skulen. Ho har mastergrad i spesialpedagogikk i tillegg til lærarutdanning. 

– I masteroppgåva tok eg føre meg læring, skuleleiing og organisasjonskultur. Eg brenn for at alle skal ha eit godt skulemiljø og få utvikle sitt potensial best mogleg, seier Igesund.

– Eg har hatt gleda av å arbeide ved Ytre Herøy ungdomsskule sidan 2015, fyrst som lærar og spesialpedagogisk koordinator, deretter som assisterande rektor. Eg kjenner derfor skulen, elevane og dei tilsette godt, og eg gler meg til å ta fatt på nye oppgåver her, seier ho.