Privat
Agne har vore tilsett i Herøy kommune sidan 2021, og to siste åra vore teamkoordinator, programrådgjevar og undervisar i introduksjonsprogrammet. Ho har også hatt ansvar for ein del administrative oppgåver. Agne gler seg til å ta til på oppgåvene. Ho brenn for å jobbe med menneske og innvandring, noko ho opplever svært meiningsfullt. Vi ser fram til å få Agne på leiarlaget.
Herøy kommune
Lilly Arlen Kvalsund gir seg frå nyttår i Herøy kommune. Ho har gjennom utfordrande tider leia Kvalifiseringssenteret gjennom store endringar med stødig hand.
Vi takkar for alt du har bidrege med for innvandrarar og flyktningar i Herøy kommune og ynskjer lukke til i Sande kommune.