Kom med forslag til frivilligprisen

Frivilligprisen vår skal gje positiv merksemd tilbake til dei frivillige organisasjonane, ved å påskjønne godt frivillig arbeid. Du kan no kome med forslag til kven som skal få prisen for 2023.

Utsikt frå Moltufjellet og utover til Ytre Herøy - Klikk for stort bilete Øyvind Kåre Sunde

Kriterium for prisen

Prisen skal gå til ein initiativrik person eller ei lokal foreining/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.

Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi, ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.

Frivilligheita si breidde og sitt mangfald. både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur, skal over tid gjenspeglast i eit tilsvarande mangfald blant prisvinnarane.

Prisen kan bli gitt på grunnlag av ein person eller ei lokal foreining/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Slik melder du inn forslaget ditt

Du kan sende din kandidat på e-post til frivillig@heroy.kommune.no eller i brev til Herøy frivilligsentral, Lisjebøvegen 10 A, 6091 Fosnavåg. 

Fristen for å sende inn forslaget er 31.12.23. 

– Dersom du har sendt inn tidlegare, tek vi gjerne imot same forslag også i år, seier dagleg leiar for frivilligsentralen Britt Paulsen.

Dette er prisen

I tillegg til heider og ære, får prisvinnaren ein plakett, blomar og ei pengegåve på 5000 kroner gitt av Granne forsikring

Frivilligprisen har tidlegare gått til desse:

2011: Steinar Åheim 
2012: Martin Slåttelid
2013: Alf-Rune Leirvik
2014: Saroya og Jeyakumar
2015: Heida Vel
2016: Alette Teige
2017: Jan Olaf Hareide
2018: «Klede til glede»
2019: Leif Tjervåg 
2020: Marit Lyster
2021: Stig Vestnes
2022: Kaja Runde