Knut Nærø - 100 år

Varaordførar, Bjarne Kvalsvik, saman med jubilanten, Knut Nærø. - Klikk for stort bileteFungerande ordførar, Bjarne Kvalsvik, saman med jubilanten, Knut Nærø. Håvard Nærø.  Samfunnsbyggjaren og tidlegare ordførar, Knut Nærø, fylte 100 år 27. juni.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

I samband med den store dagen fekk han besøk og blomehelsing frå Herøy kommune ved fungerande ordførar, Bjarne Kvalsvik.

Knut Nærø var lokalpolitikar gjennom 20 år, der han mellom anna hadde ein 4-årsbolk som ordførar, og han har synt eit allsidig samfunnsengasjement. 

Han har hatt eit spesielt stort engasjement for samferdselssaker, deriblant Eiksundsambandet. Knut Nærø har også på ulikt vis vore med på all brubygging i Herøy i nyare tid -bruene over Vaulane (1967-68), Herøybrua (1976) og Rundebrua (1982).  

Frå Knut Nærø vart vald som vanleg styremedlem i "Herøy fergelag A/L", i 1953, og fram til 2010, då han gjekk av som styreformann for Eiksundsambandet, har det gått 57 år!

I 2010 fekk han tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Herøy kommune gratulerer med vel overstått 100-årsdag og takkar for den viktige innsatsen han har gjort både for lokalsamfunnet i Herøy og i heile regionen vår!