Kirsten Tjervåg - 100 år

 Jubilanten Kirsten Tjervåg vart heidra og fekk blomster av ordførar Bjørn Prytz. - Klikk for stort bileteJubilanten Kirsten Tjervåg vart heidra og fekk blomster av ordførar Bjørn Prytz. Tone Kristin Tjervåg  

24. august vart Kirsten Tjervåg 100 år. Dette vart markert og feira. Ordførar Bjørn Prytz var tilstades for å heidre 100-åringen med tale og blomar.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Kirsten vart fødd og vaks opp på Moltu som nummer tre av 10 søsken. Ho var dotter til Andreas Moltubakk og Svanhild (fødd Wiig).

I 1945 gifta Kirsten seg meg Karl Tjervåg som var skipper. Dei bygde seg hus på Leikong i 1952 og Kirsten vart telefonfullmektig på stasjonen i bygda. Dei fekk fire born, 19 barnebarn, oldebarn og tippoldebarn.

- 100 år er ikkje lenge i eit universelt perspektiv. Å kunne feire 100 år er teikn på eit langt levd liv. Det er ikkje mange forunnt å verte så gamal og det er både naturleg og rett at ei slik hending vert markert og feira, sa ein feststemt ordførar Bjørn Prytz.

Ordføraren fortalde også om at Kirsten kom frå ei familie der fleire hadde arbeid i Telefrafverket. 

- Når ein vert 100 år har ein vore med på ei fantastisk  utvikling. På vegne av Herøy kommune vil eg, til liks med Kongen, gratulere deg så mykje med 100-årsdagen. Til lukke med dagen og måtte dei rundt deg syte for at det vert ein minnerik dag for deg og dine. Ordføraren hadde med seg blomar som har overrekte jubilanten.