Kåra til fylkesmeister: – Ho gjorde ein strålande innsats

Pia Simonnes-Eikrem, ein av lærlingane våre i helsefag, er fylkesmeister i helsearbeidarfaget.

fylkesmeister Pia Simonnes-Eikrem held ei gratulasjonskake - Klikk for stort bilete Nina Leine

Nyleg arrangerte Søre Sunnmøre opplæringskontor fylkesmeisterskap i helsearbeidarfaget. Deltakarane fekk ei oppgåve som dei skulle løyse på tid med publikum i salen.

– Ein av deltakarane var Pia Simonnes-Eikrem, som er toårslærling i helsefag i Herøy kommune. Ho gjorde ein strålande innsats og gjekk av med sigeren, fortel Nina Leine, spesialkonsulent i tenestekoordinering.

Sist veke blei fylkesmeisteren overraska på jobb i heimetenesta med kake frå opplæringskontoret.

Simonnes-Eikrem skal representere Møre og Romsdal i Yrkes-NM i 2025. Den som vinn noregsmeisterskapen skal representere Noreg i europameisterskapen.

Vi gratulerer så mykje og ønsker lykke til vidare!