Kan bli årets ungdomskommune i Noreg

Herøy er ein av fire finalistar som kjempar om prisen Årets ungdomskommune 2023.

Ordføraren deler ut prisen til ungomsrådet - Klikk for stort bileteI mars blei ungdomsrådet vårt tildelt Ungdomens kulturpris i Herøy. No er kommunen i finalen i kåringa av Årets ungdomskommune i Noreg. Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

Juryen seier at kommunane som er i finalen utmerker seg i arbeidet for unges rett til deltaking og medverknad.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe bad i februar om kandidatar til prisen. Statsforvaltarane, fylkeskommunane, kommunane, ungdomsråda og barne- og ungdomsorganisasjonane i landet kunne nominere kandidatar.

Blant alle dei nominerte har juryen no vald ut fire kommunar til finalen. Finalistene er

  • Herøy
  • Inderøy
  • Kvam
  • Tromsø

Vinnaren av prisen blir kunngjort under den nasjonale ungdomskonferansen i Mosjøen 28. august. 

Les meir om prisen og konferansen på nettstaden til Bufdir

Juryen er utnemnd av Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir). Kriteria for prisen er slik: 

  • Kommunen har eit fungerande ungdomsråd, har avsett ressursar og etablert varige strukturar for å inkludere unge og ungdomsmedverknad som del av planane og arbeidsrutinane sine. 
  • Kommunen har eit godt samarbeid på tvers av etatar og tenester og har tilbod og aktivitetar for ungdom som opplever utanforskap, som fell ut av skule eller arbeidsliv eller ikkje deltar i organiserte fritidsaktivitetar (for eksempel oppfølging av Fritidserklæringa).