Juleglede – du kan gi eller få hjelp til jul

Tal på personar som gruer seg til jul er aukande i heile landet. Juleglede handlar om å hjelpe dei som treng det eller bidra til at hjelp vert gitt. Her kan mange vere med å hjelpe. 

Lisa Leinebø Pinheiro (Klede til glede), Malene Wolden (Klede til glede), Britt Paulsen (Herøy frivilligsentral), Lindis Myrvoll (Herøy sanitetsforeining), Olaug Andreassen (Herøy sanitetsforeining) og Ragnhild Danbolt Øygard (diakon Herøy kyrkje) er alle klare å gjere ein innsats for Juleglede. - Klikk for stort bileteLisa Leinebø Pinheiro (Klede til glede), Malene Wolden (Klede til glede), Britt Paulsen (Herøy frivilligsentral), Lindis Myrvoll (Herøy sanitetsforeining), Olaug Andreassen (Herøy sanitetsforeining) og Ragnhild Danbolt Øygard (diakon Herøy kyrkje) er alle klare å gjere ein innsats for Juleglede. Wenche Moltu

Sparebankstiftinga har gitt 275 000 kroner i gåve som av Herøy frivilligsentralen vert fordelt slik:

  • Juleglede: 200 000 kroner
  • Open julefeiring på Kjeldsund: 50 000 kroner
  • Internasjonal julefest: 25 000 kroner


-Det er heilt fantastisk å kunne gå inn i sluttfasen og vite at vi kan gjennomføre og hjelpe dei som ønskjer det. Med det same trudde vi faktisk at det var ein null for mykje fortel Lisa Leinebø Pinheiro.

Leinebø Pinheiro og Malene Wolden er godt i gang med planlegginga og gjennomføringa.

Korleis få hjelp

-Vi inviterer folk som treng det til å ta kontakt. Ta kontakt før det er heilt tomt. Dette kan gi eit lite løft i desember seier Malene Wolden.

Mange søkjer ikkje hjelp fordi dei trur andre treng det meir enn dei. Det er viktig å vite at dette er ein tilbod der alle kan be om hjelp.

-Alt ein treng å gjere er å sende meg ein e-post eller SMS . Eg må vite kor stor familien er, alder og kjønn på eventuelle barn. Du treng ikkje grunngi kvifor du ber om hjelp frå Juleglede, fortel diakon i Herøy kyrkje Ranghild Danbolt Øygard.

For å kunne planlegge og gjennomføre må personar som ønskjer hjelp frå Juleglede å melde seg innan 5.desember. 

Når du har meldt deg vil du verte kontakta for å avtale korleis utlevering skal skje. Utlevering er 16. desember.

Korleis gi hjelp

Ønskjer du å gi eit bidrag kan du gjere det. Det er oppretta ein spleis, ein kan sende bidrag på Vipps og ein kan legge eit bidrag i ei av dei mange handlevognene som står i butikkane rundt om.

Meld deg som frivillig

Med ekstra mange matkasser som skal pakkast i år er det også viktig med fleire frivillige til pakking og hjelp til utkøyring. Det er berre å melde seg.

Leinebø Pinheiro opplyser at alt som vert kjøpt inn vert gjennomført lokalt.