Inviterer til vigsle på valentinsdagen 14. februar

Ordførar Tine Storøy oppmodar par med gifteplanar til å ha vigsle på sjølve kjærleiksdagen.

ordførar ved eit bord med kvit duk og roser - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Alle kvardagar er det gratis å bli vigde på rådhuset innanfor vanleg opningstid. Men på valentinsdagen 14. februar 2025 går det an å bli vigsla gratis også seint på dag, om det er aktuelt.

For å gifte seg borgarleg i Herøy kommune, må ein fyrst sende inn ein søknad til kommunen og ha ein gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten. Når alt er i orden, tek vigslar kontakt for å avtale tid og stad og planlegge innhaldet i seremonien.

Ordføraren håpar på mange vigslar denne valentinsdagen og resten av året, og oppmodar alle som vurderer å gifte seg, om å ta spranget. I fjor vart ti par vigde borgarleg i Herøy, og Storøy vonar på endå fleire i år.