Inviterer til dugnad i Fosnavåg sentrum 12. mai

Tysdag 12. mai inviterer tilsette i drift og anlegg saman med Bygnist Fosnavåg til felles vårreingjering av Fosnavåg sentrum. No ønsker dei fleire med på dugnaden.

Fosnavåg sett frå sjøen_Foto Svein Arne Orvik - Klikk for stort bileteFosnavåg sett frå sjøen Svein Arne Orvik

Oppmøte er ved Paviljongen kl. 09.00, og dugnaden varer fram til kl. 15.00. Arbeidsoppgåver blir fordelte ved oppmøte, og alle som vil bidra er velkomne. Det er låg terskel for å vere med.

– Dette handlar om meir enn å rydde. Det handlar om fellesskap, stoltheit og om å skape eit sentrum vi trivst i, seier arrangørane.

Ta gjerne turen innom og bli med på eit felles løft for sentrum.

Vel møtt!