Inviterer innbyggarane med på tur 10. oktober

– Når vi går tur i lag, tar vi vare på den psykiske helsa vår, seier seksjonsleiar Silje Ringstad, som inviterer alle med på tur tysdag.

tilsette i tenesta for psykisk helse og rus - Klikk for stort bileteTenesta for psykisk helse og rus ønsker å skape eit fint møtepunkt tysdagen i haustferien. Svein Arne Orvik

– Det å vere i aktivitet er noko av det beste vi kan gjere for den psykiske helsa. Å ha sosial kontakt er også med på å fremje god psykisk helse, seier miljøterapeut Stine Brekke Frantsen i tenesta for psykisk helse og rus. 

Tysdag 10. oktober inviterer dei innbyggarane med på tur. Turen går på Heid tursti frå Øvre Bergslia til gapahuken på Tverrfjellet ved Fosnavåg. Oppmøtetida i  Øvre Bergslia er klokka 11.00. 

Tiltaket er lagt til verdsdagen for psykisk helse.

Eit møtepunkt i ferien

– Vi ønsker å skape eit fint møtepunkt når skulane har haustferie. Alle er varmt velkomne til å bli med. Du er like velkomen enten du kjem på eiga hand eller i lag med nokon, seier Frantsen. 

Tenesta for psykisk helse og rus byr på kaffi, saft, frukt og bollar ved gapahuken. Undervegs på turen blir det høve til å vere med på ulike aktivitetar. Og det blir trekt premiar til både barn og vaksne, sponsa av Ringo, Polargodt, Sunnmørsbadet og Meny.

– Ta gjerne med nokon

Seksjonsleiar Silje Ringstad strekar under at turen er for alle.

– Kom åleine eller inviter med deg vener eller familie. Turstien har eit godt grusdekke. Du treng ikkje ha med deg noko anna enn passande klede og sko, seier ho.

Ringstad meiner at friluftsliv og fellesskap er førebygging av beste sort.

– Når vi brukar kroppen, blir vi betre rusta til å meistre dei utfordringane kvardagen gir. Vi er heldige som har naturen tett innpå oss. Vegen er kort til opplevingar som gjer godt for både kropp og sinn, seier ho.