Svein Arne Orvik
Eigedomsskatten skal gjere kommunen betre i stand til å drive tenester og investere for framtida. Skatten gjeld alle faste eigedomar i heile kommunen, inkludert bustadar, næringseigedomar, fritidsbustader og andre skattepliktige eigedomar.
Som innbyggar vil du få
- varsel dersom eigedomen din må synfarast for å berekne skatten
- ein skattesetel som viser beløpet på eigedomsskatten
- faktura med betalingsfrist og klagefrist
Taksering av private eigedomar
For bustadeigedomar nyttar vi i utgangspunktet bustadverdien, det vil seie formuegrunnlaget frå Skatteetaten, til å berekne skatten.
Alle eigedomar som ikkje har formuegrunnlag må takserast i felt. Det skjer ved utvendig synfaring.
Her på nettstaden vil det kome meir informasjon om
- taksering og synfaring
- eigedomskattelista
- kva typar eigedomar som er unnatekne eigedomsskatt
Taksering av næringseigedomar
Næringseigedomar har ikkje eit formuegrunnlag. Dei må derfor synfarast og takserast i felt.
Takseringa av næringseigedomar er meir detaljert enn av bustadar. Det kan vere behov for at dei som skal taksere kjem inn i bygget. Eigaren vil i så fall verte kontakta.
Vegen vidare
Dette er noko av det viktigaste som blir gjort når administrasjonen følger opp vedtaket om å innføre eigedomsskatt:
- førebu sak for kommunestyret om nemnder som skal godkjenne takstane
- eventuelt kjøpe inn takseringstenester
- skaffe og sette opp fagsystem
- analysere og oppdatere matrikkelen, det vil seie registeret over fast eigedom
- lage retningslinjer for takseringa
- taksere eigedomar ved synfaring utvendig (og innvendig ved behov)
- vedta og offentleggjere eigedomsskattelista
- sende ut skattesetlar og faktura
- evaluere gjennomføringa og handsame eventuelle klager