Informerer føresette om vegen mot felles skular

– Vårt mål er klart: Dei komande endringane skal gjennomførast på ein måte som er til beste for alle elevar, skriv kommunalsjef Lene Nupen til føresette.

dronefoto over skule- og idrettsområde - Klikk for stort bileteYtre Herøy ungdomsskule (til høgre på bildet) blir til Herøy ungdomsskule. Svein Arne Orvik

Kommunestyret vedtok 20. mars at to ungdomsskular skal bli til ein, og at tre barneskular skal bli til ein.

I eit brev til føresette informerer kommunen om korleis vedtaket blir følgt opp. Brevet er skrive av Lene Nupen, kommunalsjef for kultur og oppvekst. Brevet er sendt til alle føresette ved Ytre Herøy ungomsskule, Stokksund skule, Leikanger skule og Moltu skule. Det går også til føresette til føreskulebarna som fødde i 2019 og 2020.

Les brevet her:

 

Felles ungdomsskule frå august 2025 og felles barneskule på Stokksund frå august 2026

I tida etter det politiske vedtaket frå 20. mars 2025 har administrasjonen jobba tett med dei involverte skulane for å avklare mange spørsmål. Vi ynskjer å informere heimane om kva som er bestemt og korleis vegen vidare blir. Vårt mål er klart: Dei komande endringane skal gjennomførast på ein måte som er til beste for alle elevar.

Felles ungdomsskule frå i haust

To ungdomsskular skal bli til ein og det nye namnet blir Herøy ungdomsskule. Utbetringane som skal gjerast på bygget er i rute. Alle ungdomsskulelærarane frå Stokksund følger over til Herøy ungdomsskule frå august 2025.Ungdomsskuleelevane og foreldra får framover fortløpande informasjon frå skulane om inndeling av klasser, kontaktlærarar og kva aktivitetar som vert sett i verk utover våren. Busstransporten blir slik den vart lagt fram i struktursaka. 

Det er verdifullt og viktig at ein framover bruker tida på å bli kjent og trygge på den nye kvardagen som møter dei til hausten. Elevane og tilsette er hovudaktørane i korleis dette skal gå føre seg gjennom faglege og sosiale aktivitetar. De foreldre vil bli inviterte til foreldremøte og andre samankomstar når nytt skuleår tek til. Nytt sjansen til å bli kjent med kvarandre!

Vegen mot ein felles barneskule

Tre barneskular skal bli til ein, Stokksund skule. Samarbeidet vi allereie har mellom tilsette ved barneskulane på Moltu, Leikong og Stokksund blir utvida i vår. Framover vil samarbeidet også inkludere aktivitetar for elevar og foreldre. Målet er ein flott, trygg og god fellesskap på Stokksund skule frå hausten 2026 for elevar, foreldre og tilsette. Det er viktig å bruke tida som kjem til å bli kjent, bygge fellesskap og relasjonar. 

Døme på planlagde aktivitetar er felles idrettsdagar og andre aktivitetsdagar der alle skulebygga og områda vert nytta. For skuleåret 2025-2026 vert det også felles symjeopplæring ved Sunnmørsbadet og felles tid på folkebiblioteket. Skulane vil informere gjennom vekeplanar og andre informasjonsskriv kva som skal skje og kva tid. De foreldre vil bli inviterte til foreldremøte og andre samankomstar når nytt skuleår tek til. Nytt sjansen til å bli kjent med kvarandre!

Ingolf Leikanger blir rektor for dei tre skulane frå august 2025. I tillegg vil det vere ein vikarrektor på kvar skule. Kontaktinformasjon og ansvarsoppgåver vil bli gjort kjende i god tid før skuleåret tek til. Det blir ikkje endringar på barneskulane sine starttider og busstider før hausten 2026.

Med det vi veit per i dag blir det 24 elevar på Moltu, 26 elevar på Leikong og 46 elevar på Stokksund skular det komande skuleåret. Elevtalet tilseier at det vert fådelt på alle tre skulane. Frå august 2026 vert det ein fulldelt skule med sju klassetrinn og ei samla elevgruppe i underkant av 100 elevar.

Alle som treng SFO-plass må søkje

Fristen for å søkje om SFO-plass for komande skuleår er 15. april. Det er viktig at de søkjer dersom de treng tilbodet. Også dei som har plass frå før, må søke på nytt. Be om ein samtale med rektor dersom de har spørsmål. Administrasjonen ser på fleire alternativ og skal gjere alt vi kan for å få til tilbod som kan fungere for dykk foreldre på skulen der elevane går.

Søke annan kommunal skule?

Dersom nokon vurderer å søkje om at eleven skal få gå på ein annan kommunal skule enn nærskulen, ber vi om at de gjer dette så snart som råd. Vi ynskjer å få ein samtale med dei det gjeld for avklaringar, og for å sjå på kva moglegheiter som finst ut frå behovet familien har. Vi veit til dømes at det er få gutar/jenter på enkelte trinn. Vi vil gjere alt vi kan for at elevane skal få det best mogleg.

Det politiske vedtaket set ei retning for kommunen sitt vidare arbeid denne våren, neste skuleår og vidare framover. Våre intensjonar og ønske for elevar og føresette i Herøyskulen er at endringane vi gjer no og framover skal vere til beste for alle elevar.

Eg ynskjer alle ein god vår, og alt det beste framover!

Med venleg helsing
Lene Nupen
kommunalsjef for kultur og oppvekst