Hugs å søkje spelemidlar til idrettsanlegg

15. oktober er fristen for å sende oss ein søknad om spelemidlar i år.

fotballbane - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Kva går denne tilskotsordninga ut på?

Du kan søke tilskot til å bygge og/eller rehabilitere anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Anlegga må vere opne for allmenn aktivitet og ikkje vere kommersielt eigde.

Kven kan søkje?

Lag, organisasjonsledd og samanslutningar knytt til desse organisasjonane kan søkje om tilskot til alle anleggstyper:

  • Norges idrettsforbund
  • Samenes Idrettsforbund-Norge
  • Studentsamskipnader
  • Norges Jeger- og Fiskerforbund
  • Norges Bilsportforbund
  • Det Frivillige Skyttervesen

Nokre fleire kan søke tilskot til for eksempel friluftlivsanlegg, hundesportanlegg, samiske anlegg og sykkelanlegg.

Desse samanslutningane kan søke om tilskot til nærmiljøanlegg:

  • Burettslag
  • Velforeiningar

Korleis søkje?

Kontakt kommunen for å få med tiltaket i handlingsdelen til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet.

Fyll ut søknadsskjema på Søknadsskjema – Anleggsregisteret.no.

Det vert stilt ei rekke krav til dokumentasjon til søknaden, og det bør setjast av god tid til å skaffe all nødvendig dokumentasjon.

For informasjon om vilkår, krav og søknadsprosess kan du gå inn på: Anlegg for idrett og fysisk aktivitet – Anleggsregisteret.no.

Spørsmål?

Ta kontakt med Henriette Hansen om du har spørsmål knytt til ordninga, eller om du ynskjer å søkje om spelemidlar.

E-post: henriette.hansen@heroy.kommune.no

Telefon: 47710235