Ho skal leie legetenesta

Aina Huldal blir avdelingsleiar for legetenesta i Herøy kommune.

portrett av Aina Huldal - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Huldal kjem frå stillinga som seksjonsleiar ved Herøy legesenter, eitt av legesentera våre. Ho er no konstituert som avdelingsleiar for heile legetenesta.

Avdelinga omfattar Myrvåg legesenter, Herøy legesenter, Fosnavåg helsehus, kommuneoverlege, helsestasjonslege og sjukeheimsoverlege.

Aina Huldal er sjukepleiar og har vidareutdanning i geriatri. Ho har jobba i legetenesta i Herøy sidan 2012. I tillegg har ho bakgrunn frå sjukeheim, psykiatri, demensomsorg og heimeteneste.

Huldal skal ha kontorplass ved både Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. Ho går over i den nye stillinga umiddelbart. Huldal jobbar redusert som avdelingsleiar inntil ein vikar er på plass i stillinga ho kjem frå.

Ho bur i Fosnavåg, er gift og har to barn, tre bonusbarn og sju barnebarn.

– Fritida mi går til å vere saman med barnebarna, ta turar med bubilen, gå i fjella og strikke, fortel ho.

Vi gratulerer Huldal med den nye stillinga!